Austerriksk siger då Norendal feila

Silje Norendal lykkast ikkje i slopestylefinalen i X-Games i Lillehammer fredag. Austerrikske Anna Gasser vann.
sport

Ei tydeleg nervøs Norendal mislykkast i begge sine to forsøk i Hafjell, og fekk ikkje oppfylt draumen om ein X-Games-triumf på heimebane. Kongsberg-jenta måtte skuffa vedkjenne at ho kom til kort.

Det gjorde ikkje austerrikske Anna Gasser, som tok ein litt uventa siger.

– Dette er ein av dei største augeblinkane i karrieren min, sa den austerrikske jenta, og la til:

– Eg kan ikkje beskrive kor mykje dette betyr. Dette er den største konkurransen av alle.

Gasser har frå før eit sølv i X-Games.

(©NPK)