Oscarstatuetten til Ted-Jan Bloemen

(NPK-NTB): Den canadiske skøyteløparen Ted-Jan Bloemen har fått Oscarstatuetten for sesongen 2015/2016.

Ted-Jan Bloemen frå Canada har fått Oscar-statuetten for innsatsen den førre sesongen. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix 

sport

Oscarstatuett-komiteen – Laila Andresen, Tron Espeli, Hasse Farstad, Arild Gjerde og Ådne Søndrål – trekkjer særleg fram det imponerande 10.000-meterløpet hans i Salt Lake City laurdag 21. november i fjor. Bloemen gjekk inn til 12.36,30 og slo verdsrekorden til Sven Kramer med over fem sekund.

Bloemen er født i Leiderdorp i Nederland og byrja tidleg som skøyteløpar i heimbyen Gouda. Han representerte første gong Nederland i junior-VM i 2006, der han vart nummer fem. Han vart likevel canadisk statsborgar i 2014.

Oscar-statuetten vart oppretta i 1958 til minne om skøytekongen Oscar Mathisen (1888-1954). Statuetten er ein miniatyr av bilethoggaren Arne Durbans statue av Oscar Mathisen, som står utanfor Frogner Stadion i Oslo. (©NPK)