Ingebjørg Bratland nytolkar «Luka» – for å skape merksemd rundt vald i nære relasjonar

– Mitt mål og håp, er at denne versjonen kan bidra til at fleire tør å seie frå, og at fleire skjulte valdstilfelle blir oppdaga, siger Ingebjørg Bratland om kvifor ho tok på seg å nytolke «Luka».
kultur

Suzanne Vegas store hit «Luka» frå 1987 handlar om eit tenkt tilfelle av barnemishandling, har opphavskvinna sjølv fortalt.

No er låten skrive om til norsk ved hjelp av Ingebjørg Bratland og produsent og låtskrivar Espen Lind, og blir gitt ut for å setje søkjelys på vald i nære relasjonar. Det skjer i samband med kampanjen «Taushet tar liv», som Krisesentersekretariatet og Likestillings- og diskrimineringsombodet står bak.

«Han berre slår til tårer fell. Så går han ut og det er kveld. Ikkje stå imot meir no. Ikkje stå imot meir no», heiter det i den nye, norske «Luka»-teksten, som mellom anna er å finne på Bratlands YouTube-kanal.

Ifølgje pressemeldinga takka Ingebjørg Bratland lett ja då ho fekk spørsmålet om ho ville setje prega sitt på låten, både fordi ho har eit nært forhold til songen i seg sjølv, og fordi det er for ei veldig viktig sak.

– Mitt mål og håp, er at denne versjonen kan bidra til at fleire tør å seie frå, og at fleire skjulte valdstilfelle blir oppdaga. Altså at fleire får den hjelpa dei treng. Personleg synest eg låtresultatet har vorte veldig fint, og eg håpar ho får publikum der ute til å følgje med og agere viss nødvendig, seier Bratland.

(©NPK)