Vant Gullsekken-pris: – Vi håpar at dette kan inspirere fleire til formidling av samisk kultur

Marja Mortensson Trio fekk torsdag sin Gullsekken-pris som årets turnéproduksjon for formidlinga si av sørsamisk kultur med historier og musikk.
kultur

Trioen, som består av Marja Mortensson på joik og vokal, Daniel Herskedal på tuba og Jakop Janssønn på perkusjon, har i regi av Den kulturelle skolesekken turnert i skuleåret 2021/21 med konsertframsyninga «Mojhtestasse – Minnegåva».

– Denne prisen synleggjer at det vi driv med er viktig. Vi håpar at dette kan inspirere fleire til formidling av samisk kultur, sa Jakop Janssønn då han fekk den gjæve prisen på vegner av trioen.

Juryen meinte at gjennom «Marja Mortenssons inkluderende og rause formidling blir den sørsamiske historien nærværende og setter seg som ein minnegave i hver enkelt elev. En gave som de trolig vil være med seg lenge».

Gullsekken blir delt ut i samarbeid med fylkeskommunane og direktekommunane i DKS, og Norsk Tipping. Prisen vart gitt ut første gong i 2007 og sist i 2014. Prisen står opp igjen som ein del av feiringa av 20 år med DKS som nasjonal ordning.

Under jubileumskonferansen til Den kulturelle skolesekken torsdag på Tou Scene i Stavanger vanka det òg Gullsekken-pris til Lost and Found Productions Victoria Røising, Nikoline Spjelkavik og Per Magnus Barlaug for årets tilpassande produksjon, som er «Oh baby baby goes viral». Dei forma om i 2020 ein fysisk scenekunstproduksjon, vigde sex og pubertet, om til ein digital og interaktiv versjon.

– Det er utruleg stas å vinne denne prisen. Endå meir stas er det å vinne for ein produksjon som vi har måtte kjempe litt for, sa Røising då ho fekk prisen.


(©NPK)