Kunstig intelligens gjer seg gjeldande på Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket er klar med ei netteneste som er basert på kunstig intelligens. Tenesta heiter Maken, og ho kan hjelpe deg til å finne relevante bøker sjølv om du verken kjenne tittel eller forfattar frå før.
kultur

Det blir invitert til oppdagingsferd i Nasjonalbibliotekets digitale boksamling – ved hjelp av den ferske nettenesta Maken.

– Ønsket har vore å lage ein ny måte å finne fram i Nettbiblioteket på, som er nyttig, underhaldande og interessant for brukarane, seier produkteigar Jørgen Schyberg ved Nasjonalbiblioteket.

Når du utforskar ved hjelp av den nye tenesta, leitar denne etter likskapstrekk mellom rundt ein million digitaliserte bøker og fotografi, som alle finst i Nettbiblioteket. Dermed kan Maken hjelpe folk med å gjere nye oppdagingar.

– Fordi det er mykje data og ei eksperimentell teneste, er vi veldig spente på korleis Maken kjem til å oppføre seg med mange samtidige brukarar, og på korleis brukarane kjem til å oppleve dette i praksis. Dette er eit læringsprosjekt for Nasjonalbiblioteket, seier Schyberg.

I desember skal Maken som prosjekt blir presentert på Fantastic Futures 2021, den tredje internasjonale konferansen for kunstig intelligens i bibliotek, arkiv og museum.

Maken er utvikla i eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og Dekode Interaktiv AS.

(©NPK)