Førstkomande søndag vert handverka og næringane knytt til båtbygging satt i fokus i Bjørkedal båtsamlingar. Som vanleg skal det brennast tjære og smiast.

Kulturminne

Bjørkedal kystlag er ei lokalforeining av Forbundet KYSTEN og har i dag nesten hundreogtjue medlemmar i Volda og elles på Sunnmøre. Forbundet KYSTEN er ein friluftsliv- og kulturvernorganisasjon, som gjennom mottoet «vern gjennom bruk» arbeider for å verne om kystkulturen. Bjørkedal kystlag har særleg fokus på båtbyggartradisjonane i kommunen, men også på kulturminne og historie knytt til fjorden.

Bjørkedal skogeigarlag og Freidig 4H er med på markeringa. Skog, sagbruk og båtbygging heng tett saman og er delar av same næringskjeda på Bjørkedalen.

Tett samarbeid

Forbundet KYSTEN og 4H har eit tett samarbeid. Freidig 4H på Bjørkedalen er einaste 4H-foreininga i Volda.

Bjørkedal båtsamlingar har omlag tjue båtar i utstillingane sine. Den gamle oppgangssaga i Laurdalselva er også ein del av samlingane. Historia til denne saga går tilbake til tidleg på 1700-talet.

Den vart flytta til Laurdalselva i 1829, der den var i bruk fram til 1906 då sirkelsagene tok over. I 1993-96 vart den satt opp igjen på dugnad av grannane på Søre Bjørkedal. Saga vil ikkje vere i drift på søndag, men det er fullt mogleg å sjå anlegget.

Per Arild Bjørkedal kjem til å stille ut gamle kjøkenreiskapar, høvlar og anna snikkarverktøy. Per Arild er ein storsamlar, og mykje av det han viser fram er frå før 1900.

Open dag

Dette er ein open dag som passar for heile familien, med høve til å kjøpe enkel mat. Mest av alt vil vi at folk skal ta seg tid til å setje seg ned og prate. Formidling er viktig om tradisjonar skal kunne overførast til komande generasjonar.