Frp vil ha straumforlik

Frp inviterer dei andre partia på Stortinget til å inngå eit breitt straumforlik. Sjølv er partiet førebudd til å inngå kompromiss.
innenriks

– Vi må vere vaksne på Stortinget, seier partileiar Sylvi Listhaug til VG.

No inviterer ho alle dei andre partia til eit møte måndag klokka 9, der formålet er å bli samde om eit breitt straumstøtteforlik.

– Vi ser at støtteordninga til regjeringa ikkje er god nok for å hjelpe mange av dei som slit. Det er det semje om i opposisjonen, seier Listhaug – som sjølv er villig til å fråvike fleire av partiets primærstandpunkt i saka.

Regjeringa leverte fredag forslaget sitt til straumstøtte til Stortinget. For å få fleirtal, er regjeringa avhengig av SV.

Der er ein førebels lunken til tanken om eit forlik med resten av opposisjonen.

– Planen vår no er å setje oss ned med regjeringa og få gjennomslag for ytterlegare forbetring av straumstøtta, seier SVs Lars Haltbrekken til VG.

SV har òg inngått ein budsjettavtale med Ap-Sp-regjeringa der det kjem fram at partiet skal forhandle med dei om saker som har budsjettmessige konsekvensar.

SV krev at ein makspris på straum blir greidd ut og har i tillegg foreslått å opprette eit statleg straumselskap som kan gi forbrukarane stabile, låge straumprisar.

Også Frp og Raudt krev makspris på straum, men førebels har regjeringa sett foten ned.

– Denne regjeringa er imot makspris, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum til NTB torsdag.


(©NPK)