Frp har mista over 1.300 medlemmer

Framstegspartiets medlemstal fall med nesten åtte prosent i fjor. Det betyr at rundt kvar 13. medlem sa takk for seg.
innenriks

I 2021 hadde Frp i alt 15.896 betalande medlemmer. Det er ein nedgang på 1.362 medlemmer frå året før.

Utviklinga i betalande medlemmer har variert noko dei siste åra, opplyser administrasjons- og strategisjef Helge Fossum.

– Dei siste fem åra har vi ein liten auke sjølv om vi hadde ønskt oss mindre variasjon gjennom perioden, seier han.

(©NPK)