Forsikringsselskap har fått hundrevis av skademeldingar etter ekstremvêret Gyda

Rundt 1000 skadar er melde inn til forsikringsselskapa etter ekstremvêret Gyda, viser ei førebels oversikt frå Finans Norge og Norsk Naturskadepool.
innenriks

Talet på skademeldingar har nær dobla seg over natta, og det er venta ein kraftig auke i dagane framover.

– Det er mest flaum- og vass-skadar der vatn har trengd inn i bygningar, hovudsakleg i kjellarar eller underetasjar. Det er flest skadar i Møre og Romsdal og Trøndelag, men vi har òg ein del i Nordland og Troms, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Færre skademeldingar enn forventa

Dei siste ti åra har forsikringsselskapa utbetalt erstatningar på over 30 milliardar kroner for vêr- og naturskadar på bygningar og innbu, viser tal frå Finans Norge. Nesten halvparten gjeld skadar på grunn av ekstremnedbør eller kraftig styrtregn.

– Vi har framleis ekstra god bemanning på skadesentera våre, slik at vi skal ha god kapasitet til å hjelpe kundane med skadesaker etter uvêret, seier kommunikasjonsdirektør Andreas Handeland i If.

Frende opplyser at talet på skademeldingar totalt er lågare eit forsikringsselskapet hadde førebudd seg på.

– Mange har vore utruleg flinke til å ta forholdsreglar og sørgje for god sikring denne gongen, seier Yngve A. Høvig, skadesjef for bygningar i Frende Forsikring.

Ventar fleire utfall på mobilnettet

Ekstremvêret Gyda førte til at mobilnetta fall ut enkelte stader, men mindre enn venta. Hardast ramma er Sigdal og enkelte fjellområde i Sør-Noreg, summerer Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), som har tilsyn med mobilnetta i Noreg.

– Vi må vente at det tek noko tid før alle feil er retta. Somme stader kan det bli fleire utfall på grunn av batteri som går tomme. Stengde vegar kan etter kvart bli eit problem for entreprenørane, og dermed for feilrettinga, seier seksjonssjef Svein Sundfør Scheie i tryggingsavdelinga i Nkom.

400 griser måtte avlivast

400 smågriser måtte torsdag avlivast etter ein flaum i fjøset ved Gårdsslakteriet Sylte i Surnadal. I tillegg til dei 400 smågrisene vart 100 slaktegris sende til slakteri på Steinkjer. Fredag skal ytterlegare 60–70 slaktegris sendast same plassen, skriv Tidens Krav.

– Vi måtte ta desse grepa av dyrevernomsyn. Det var ikkje mogleg å ha gris inne i fjøset, slik vatnet og møkka fløymde over. Det betyr at fjøset er tomt når dagen er omme, seier Jorid Sylte til avisa.

(©NPK)