Farevarsel: Kan bli storm i Møre og Romsdal, og Trøndelag

Det er sendt ut farevarsel på gult nivå for vind i Møre og Romsdal, og Trøndelag. Det blir venta lokale vindkast på opp mot 37 meter i sekundet.
innenriks

Frå søndag ettermiddag kan det bli vestleg full storm, skriv meteorologane på Twitter.

Den kraftigaste vinden er venta å komme først i Møre og Romsdal og seint på kvelden i Trøndelag.

Det blir tilrådd å sikre lause gjenstandar og unngå unødvendig ferdsel på utsette stader, skriv Yr.

Også austafjells blir det venta mykje vind søndag kveld og natt til måndag. Her er det venta vindkast opp mot 23 meter i sekundet i lågareliggjande strøk.

(©NPK)