Færre skadar enn frykta på fylkesvegane i Møre og Romsdal

Så langt er det registrert færre skader på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal enn frykta etter ekstremvêret Gyda. Dei aller fleste fylkesvegane er no gjenopna.
innenriks

– Vi går no over frå ein akutt til ein meir normalisert situasjon, opplyser fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen på nettsidene frå fylkeskommunen.

– Så langt har vi ikkje avdekt kritiske skadar, og dei aller fleste vegane er opne som normalt, seier fylkesvegsjefen.

Han meiner gode førebuingar var ei viktig årsak til at vatnet ikkje gjorde meir skade på fylkesvegane.

Sjølv om det verste uvêret er over, er det framleis enkelte fylkesvegar som er stengde i Møre og Romsdal. Med unntak av vegen til Otterdal i Volda, der det blir nattestengt, er det moglegheit for omkøyring på dei stengde vegane.

(©NPK)