Equinor og BP sluttførte ein av USAs største kontraktar for havvind

Equinor sluttførte fredag avtalane om å forsyne delstaten New York med havvindkraft. Avtalane er av dei største tildelingane for fornybar energi i USA.
innenriks

BP er Equinors strategiske partnar i utbygginga. Den samla leveransen til delstaten blir 3,3 gigawatt (GW), opplyser Equinor.

Når prosjekta er fullførte, vil Equinors og BPs portefølje av aktive havvindprosjekt (Empire Wind 1, Empire Wind 2 og Beacon Wind 1) produsere nok straum til å forsyne om lag to millionar heim i New York.

Siri Espedal Kindem, direktør for Equinor Wind US, seier at basert på kunngjeringa er Equinor og BP på veg mot å levere meir enn 3,3 GW havvindkraft til New York.

– Den viser òg konkret den svært høge aktiviteten og moglegheitene for utsleppsreduksjonar som blir drive av det grøne skiftet i New York, seier Kindem.

Equinor og BP skal levere ein installert kapasitet på 1.260 megawatt (MW) fornybar havvindkraft frå Empire Wind 2 og ytterlegare 1.230 MW kraft frå Beacon Wind 1, i tillegg til å gjere betydelege investeringar i New Yorks infrastruktur.

Prosjekta omfattar oppgradering av hamner for å omdanne South Brooklyn Marine Terminal til eit stort oppsamlings- og samanstillingsanlegg for industrien, i tillegg til ein drifts- og vedlikehaldsbase for prosjekta.

(©NPK)