Bondelaget fryktar jaktsesongen er tapt

Bondelaget fryktar at heile jaktsesongen er tapt etter at fellinga av 25 ulvar i ulvesona hamna i retten.
innenriks

Jakta skulle ha starta 1. januar, men etter at tre dyrevernorganisasjonar (Noah, WWF og Foreningen Våre Rovdyr) protesterte, stansa Oslo tingrett jakta mellombels.

Saka vart behandla torsdag og fredag denne veka, men ei avgjerd er ikkje venta før 29. januar, skriv NRK.

Då er det berre rundt to veker igjen av jaktperioden.

Leiar i Østfold Bondelag, Ole Kristian Bergerud, seier rettsforhandlingane utset ulvejakta og uttaket av ulvane som er politisk bestemt.

– Det fører til at ulvejakta blir utsett og i verste fall trenert gjennom heile jaktsesongen, seier Bergerud.

Jakt innanfor ulvesona er mellom 1. januar og 15. februar. Etter dette er det paringssesong for ulven. Ulvane det er snakk om, lever i dei fire revira Hornmoen, Rømskog, Bograngen og Slettås.

(©NPK)