Forsikringsselskapa har fått over hundre skademeldingar etter Gyda

Gjensidige, Tryg og Frende har fått minst 170 skademeldingar etter ekstremvêret Gyda.
innenriks

Gjensidige forsikring har torsdag ettermiddag motteke 80 skademeldingar etter ekstremvêret Gyda. Det er omtrent femti fleire enn onsdag kveld. Dei fleste skadane kjem frå Trøndelag og Møre og Romsdal.

– Det er flest skadar på grunn av flaum i kjellarar, flaum og tilbakeslag frå avløpsnett, seier kommunikasjonssjef Pål Rune Eklo i Gjensidige.

Tryg Forsikring har ved 15.30-tida torsdag ettermiddag motteke 50 skadesaker, 43 fleire enn onsdag. For Frende er talet 40. Til saman har dei tre forsikringsselskapa motteke 170 skademeldingar som følgje av ekstremvêret.

Tryg anslår skadane til rundt 5,7 millionar kroner, men talet vil justerast fortløpande. Yngve A. Høvig er skadesjef for bygningar i Frende, og han fortel at hus, hytter, uthus og naust, campingvogner og bubilar har vorte ramma.

– Nokre får vatn frå terrenget og inn i stova, andre har fått vatn inn i bustaden. Utette tak går òg igjen, eller vatn inn langs pip. Mange har heile kjellarar, himlingar og vegger som må tørkast eller blir rivne etter regnvatn frå Gyda, fortel Høvig.

NVE har sagt at Gyda vil halde fram herjingane sine utover torsdag og forsikringsselskapa seier dei ventar fleire skademeldingar.

(©NPK)