NTNU får gebyr på 150.000 kroner for ulovleg innsyn i e-posten til tilsett

Datatilsynet meiner NTNU ikkje hadde rettsleg høve eller grunngitt mistanke til å gå inn i Øyvind Eikrems e-postkonto før avskjedssaka mot han.
innenriks

Datatilsynet gir eit gebyr på 150.000 kroner og slår fast at NTNU ikkje har gjort greie for kvifor dei skulle ha ein grunngitt mistanke til å gå inn i e-postkontoen, melder Khrono.

Tilsynet skriv at det dreier seg om eit alvorleg personvernbrot.

Eikrem og NTNU kom til forlik som enda med at førsteamanuensen sa opp og avskjedssaka vart avslutta.

NTNU og advokatane deira tok seg i fjor sommar inn i Eikrems e-postkonto og opna 80 e-postar. Eikrem og advokatane hans protesterte på det. NTNU gjorde undersøkingane for å finne bevis for at Eikrem stod bak ein omstridd konto i sosiale medium, noko Eikrem har avvist.

(©NPK)