Éin av tre meiner omikrontiltaka ikkje er nok

36 prosent svarer i ei ny undersøking at koronatiltaka helsestyresmaktene har sett inn mot omikronvarianten ikkje er nok. Tysdag kjem det nye tiltak.
innenriks

Måndag varsla helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) at det tysdag vil komme nye koronatiltak. Årsaka er at helsestyresmaktene meiner det er behov for å innføre tiltak som reduserer talet på nærkontaktar nordmenn har.

Det er mange nordmenn samde med dei i. I ei undersøking Norstat har laga for NRK kjem det fram at 36 prosent av dei spurde meiner tiltaka styresmaktene har innført mot den meir smittsame omikronvarianten, ikkje er nok.

10 prosent av dei spurde i undersøkinga meiner tiltaka er for omfattande, medan 48 prosent svarer at tiltaksnivået er passe.

Helseminister Ingvild Kjerkol er ikkje overraska over at mange ønskjer strengare tiltak.

– Vi har sett gjennom heile pandemien at ein del ønskjer sterkare tiltak. Det er mange som blir omfatta av tiltaka, og dei har òg nokre uheldige konsekvensar. Det er heile tida ein balanse vi søkjer å finne, seier Kjerkol.

(©NPK)