Foreslår strengare tiltak i Trondheim

Kommunedirektøren i Trondheim har lagt fram forslag til strengare koronatiltak i Trondheim for formannskapet.
innenriks

I tillegg til munnbindreglane som allereie gjeld, foreslår kommunedirektøren mellom anna at arrangørar og serveringsstader skal registrere kontaktopplysningar på gjester, skriv Adresseavisen.

Også påbod om munnbind på innandørs offentlege arrangement der det ikkje er mogleg å halde meteren blir foreslått.

– Saka skal behandlast klokka 12.15 tysdag, seier ordførar Rita Ottervik til Adresseavisen.

– Det er ein vanskeleg situasjon, fordi viss vi berre tek det lokale i betraktning har smittetrykket flata noko ut. Men så kjem den lumske varianten av viruset. Det er varsla nasjonale tiltak i morgon, og kanskje må vi gjere mindre endringar lokalt. Men det handlar mest om å førebu seg på den endå meir smittsame varianten, seier Ottervik.

(©NPK)