Ei konservativ kjempe har gått bort

Som leiar for den første reine Høgre-regjeringa etter 2. verdskrig gjennomførte Kåre Willoch reformer som førte Noreg inn i den moderne tida.
innenriks

Tidlegare statsminister Kåre Isachsen Willoch døydde måndag, 93 år gammal, opplyser Høgre.

Willoch danna i 1981 den første reine Høgre-regjeringa i Noreg sidan 1928.

Willoch vart statsminister etter valet i 1981. Etter valet i 1985 danna han den andre regjeringa si, men vart felt etter å ha stilt kabinettsspørsmål i Stortinget våren 1986. Willoch var handelsminister både i Lyng-regjeringa i 1963 og i Borten-regjeringa 1965–70. Han var formann i Høgre i perioden 1970 til 1974.

Høgrebølgja

I Kåre Willochs formannstid kom høgrebølgja for fullt i norsk politikk. Med dåverande partiformann Erling Norvik ved si side, gjorde han Høgre til eit parti som nådde ut til nye veljargrupper over heile landet.

Valet i 1981 vart ein stor suksess for Høgre, og 14. oktober danna han den første reine Høgre- regjeringa sidan Ivar Lykkes regjering i 1928.

I juni 1983 vart mindretalsregjeringa fleirtalsregjering då den vart utvida med statsrådar frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet.

Ved valet i 1985 mista regjeringspartia fleirtalet, men heldt fram med Framstegspartiets to representantar på vippen. 8. mai året etter felte Frp saman med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti regjeringa fordi dei ikkje ville stemme for forslaget om innstramninger i økonomien, der auka bensinavgift var eitt av elementa.

Nederlaget førte til at Willochs argaste politiske motstandar, Gro Harlem Brundtland (Ap), vart statsminister for andre gong fordi Senterpartiet ikkje ville halde fram det borgarlege regjeringssamarbeidet.

Reformer

Av partifellane sine i Høgre vart Willoch kalla «det moderne Noregs far» sidan han gjennomførte fleire omfattande reformer i regjeringstida si som førte til varige endringar i det norske samfunnet.

Stikkordet var eit opnare samfunn med auka konkurranse. NRKs kringkastingsmonopol vart oppheva, lukkingsvedtektene liberalisert, banksektoren opna opp og bustadmarknaden deregulert. Tiltaka vart gjennomførte trass kraftig motstand og regjeringa vart kritisert for å gå for fort fram.

Willochs debattar med Gro Harlem Brundtland kom òg til å prege det politiske biletet. Gro og Kåre-debattane på fjernsyn vart ein viktig faktor i den politiske kvardagen.

Kåre Willoch var ein mann som likte å få det siste ordet i debattane. For han sat det langt inne å innrømme feil.

Trekte seg tilbake

Etter mistilliten i 1986 vart Willoch mindre synleg i politikken, og Rolf Presthus vart Høgres statsministerkandidat. I 1987 var han kandidat til generalsekretærstillinga i Nato, men tapte for Tysklands Manfred Wörner.

I 1989 sa Willoch frå seg attval til Stortinget etter at han vart valt inn for første gong i 1957. Same år vart han utnemnd til statsforvaltar i Oslo og Akershus, ei stilling han hadde til han gjekk av for aldersgrensa i 1998.

I pensjonisttilværet sitt markerte Kåre Willoch seg som ein aktiv debattant og forfattar. Han gjorde seg spesielt notert med kritikken sin av Israels politikk overfor palestinarane og okkupasjonen i landet og busetjing på okkupert land. Også menneskerettar og naturvern engasjerte han i stor grad, og dei siste åra uttrykte han fleire gonger si bekymring over låge fødselstal i Noreg.

Aktiv pensjonist

Han leidde Forsvarskommisjonen av 1990 og Sårbarhetsutvalget i 1999–2000. Frå 1998 til 2000 var han styreformann i NRK. I 1996 vart han utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs orden.

Willoch vart på mange måtar ein meir forsonleg politikar i sine siste år. Dette kom klart fram i boka han skreiv saman med tidlegare Ap-statsminister Odvar Nordli, der to aldrande statsmenn snakka saman om politikk og samfunn.

Willoch har òg gitt ut bøker om si tid som aktiv politikar, mellom anna «Minner og meninger «1988, «statsminister» i 1990, «Tanker i tiden» i 1999 og «Erfaringer for fremtiden» i 2010.

(©NPK)