SSB: Omikron skaper ny uvisse for norsk økonomi

Etter ein betydeleg vekst i norsk økonomi skaper omikronvarianten no ny uvisse om den vidare utviklinga, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
innenriks

Sjølv om koronavarianten omikron skaper uvisse om den vidare utviklinga, legg byrået til grunn at han vil ha avgrensa og mellombels negativ effekt på økonomien, melder SSB i samband med framlegginga av ei analyse av konjunkturtendensane.

– Det har vore ein enorm vekst i økonomien den siste tida. No er det meste av innhentinga unnagjort, og vi er nær å vere heilt tilbake til eit normalt aktivitetsnivå, seier forskar Thomas von Brasch.

Framover er det venta at den økonomiske veksten held fram, men at det vil vere i eit betydeleg lågare tempo enn i dei siste månadene. Prognosen for dei neste åra er at økonomien vil vere konjunkturnøytral.