Omikronsmitta i Oslo har milde symptom

Ingen av dei smitta i omikronutbrotet i Oslo har så langt vorte alvorleg sjuke.
innenriks

Det opplyser assisterande bydelsoverlege Tine Ravlo i Frogner bydel til NTB.

– Dei vi har kartlagt, som tilhøyrer Oslo, har symptom i form av hovudverk eller sår hals. Nokon har hoste. Men dei har det vi legar kallar milde symptom, seier ho.

Det betyr at dei er heime, og at dei ikkje treng innlegging på sjukehus.

Ravlo meiner sjukdomsbiletet passar bra med det sørafrikanske legar har fortalt.

– Dei rapporterer om forkjølingssymptom og litt influensasymptom. Dei har det greitt, seier ho.

– Verkar dette mildare enn delta?

– Eg synest det er litt tidleg å konkludere.

Ingen villsmitte

Utbrotet er spora tilbake til eit julebord som vart arrangert av solenergiselskapet Scatec på Louise Restaurant & Bar på Aker Brygge i Oslo fredag 26. november.

Det er no oppdaga 50–60 smitta etter julebordet. Minst éin av desse har fått stadfesta smitte med omikronvarianten etter heilgenomsekvensering, medan 10–15 tilfelle blir karakteriserte som sannsynleg omikron etter screening. Kommunen ventar framleis på svar for dei resterande.

Scatec har det største utanlandskontoret sitt i Sør-Afrika, der omikronvarianten vart oppdaga først. Ifølgje Scatec var det tilsette til stades på julebordet som hadde vore på kontoret i Cape Town.

Ravlo fortel at det så langt er unge vaksne som er smitta i utbrotet.

Inkubasjonstida – det vil seie tida det tek frå ein blir smitta, til ein blir sjuk – ser ut til å vere to til fire dagar.

Så langt er det ikkje påvist villsmitte med omikron i Oslo.

– I det utbrotet vi jobbar med no, så er alt knytt til julebordet, seier Ravlo.

Europa utan alvorlege tilfelle

Også frå Sør-Afrika har det komme meldingar om milde symptom hos smitta.

Men opplysningane er anekdotiske, og uvissa er stor.

Ifølgje EUs smittevernbyrå ECDC var det fram til torsdag klokka 12 registrerte i alt 79 stadfesta tilfelle av omikron i 15 europeiske land, blant dei fire stadfesta tilfelle i Noreg. Blant desse er det ikkje meldt om nokon tilfelle av alvorleg sjukdom eller død.

«Alle tilfelle som det finst tilgjengeleg informasjon om alvorlighetsgrad for, er enten asymptomatiske eller milde», skriv ECDC.

Framleis stor uvisse

Kriseleiar Line Vold ved Folkehelseinstituttet (FHI) meiner signala er sprikjande. Ho trekkjer fram at det så langt er omtrent like mange sjukehusinnleggingar per smitta som før i Sør-Afrika.

– Men dette er ikkje solid nok til å kunne trekkje slutningar, seier Vold til NTB.

Ho fastslår at det er altfor tidleg å seie om omikron er meir eller mindre farleg enn delta.

Eit anna uavklart spørsmål er kor godt vaksinane vernar mot omikron. FHIs antaking er at vaksinane framleis vil verne mot alvorleg sjukdom.

– Men akkurat kor mykje veit vi ikkje per no, seier Vold.

Samlar kunnskap

WHOs førebelse vurdering er at omikron utgjer ein «veldig høy» global risiko.

Ifølgje WHO kan det ta fleire veker å få avdekt kor alvorleg sjukdom omikronvarianten gir. Men førebels ser det ut til at varianten kan vere både meir smittsam og meir motstandsdyktig mot vaksinar enn tidlegare variantar.

Vald fortel at FHI no samarbeider tett med Oslo kommune for å samanlikne og systematisere opplysningar om dei som er smitta med omikron Noreg.

– Dette er høgt prioritert, seier Vold, som trur kunnskapen Noreg no får om den nye virusvarianten, kan bli viktig òg for andre land.



(©NPK)