Nordmenn shoppar ikkje like mykje på Black Friday som før

Black Friday er ikkje like populært blant shoppeglade nordmenn som før koronakrisa, medan Black Week held stand og har vorte startskotet for julehandelen.
innenriks

Det viser tal frå Virke.

Omsetninga på Black Friday auka med 14,3 prosent i år samanlikna med fjoråret, men var framleis omtrent 20 prosent lågare enn i normalåret 2019.

Samtidig held Black Week seg stabilt med ein svak auke på 0,9 prosent frå koronaåret 2020. I butikkhandelen fall omsetninga med 2 prosent.

− Tala stadfestar trenden vi har sett, nemleg at Black Friday er over toppen, men at Black Week har vorte viktigare og er startskotet for julehandelen, seier Jarle Hammerstad, leiar for handelspolitikk i Virke.

− No som smittesituasjonen er i ferd med å utvikle seg i negativ retning, er det bra at forbrukarane spreier julehandelen utover og unngår trengsel på Black Friday, seier han.

(©NPK)