Petroleumsskatten fall med 133 milliardar i fjor

Mellombelse skattereglar og lågare olje- og gassprisar førte til at petroleumsskatten fall med 133 milliardar kroner i fjor.
innenriks

Elleve oljeselskap betalte petroleumsskatt på til saman 18,8 milliardar kroner i 2020, 37 selskap har fått utbetalt negativ skatt på til saman 40,2 milliardar kroner, medan to selskap har null i berekna skatt, opplyser Skatteetaten.

Dei viser til tal frå skattelista for selskap på norsk kontinentalsokkel.

Nedgang på 133 milliardar kroner

Fastsett skatt for skattepliktige petroleumsselskap enda på totalt netto minus 21,4 milliardar kroner for inntektsåret 2020.

Til samanlikning var netto petroleumsskatt 111,4 milliardar kroner i 2019. Innbetalt skatt var 116 milliardar kroner, medan leite-/opphøyrsrefusjon var på 4,6 milliardar kroner.

Dette inneber ein reduksjon i netto petroleumsskatt på 132,8 milliardar kroner frå 2019 til 2020.

Unntaksår

– 2020 vart eit unntaksår òg for oljeselskapa, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Låge olje- og gassprisar som følgje av koronasituasjonen har bidrege til nedgangen, men hovudårsaka er innføring av mellombelse endringar for petroleumsskatt, ifølgje Funnemark.

Ordninga gav selskapa moglegheit til å påskunde frådrag for investeringar.

– Dei endelege tala for inntekt og skatt i skattelista er likevel ei oppjustering frå utskriven terminskatt for 2020. Årsaka til auken er høgare faktiske olje- og gassprisar enn det selskapa forventa medio 2020, seier ho.

Refusjon for leitekostnader

Staten utbetaler skatteverdien av leitekostnader for selskap som er i underskotsposisjon. Etter at refusjonsordninga vart innført i 2005, auka talet på aktørar på norsk sokkel betrakteleg, men det har vore ein nedgang dei siste åra.

For 2020 utgjer refusjonsbeløpet 2 milliardar kroner fordelt på ti selskap. Dette inneber ein reduksjon på 1,9 milliardar kroner frå 2019 då 18 selskap fekk leiterefusjon.

Nedgangen kan delvis forklarast med at fleire selskap har valt å få utbetalt skatteverdien av underskot i staden for skatteverdien av leitekostnader i 2020 som følgje av dei mellombelse reglane.

I perioden 2017–2019 har refusjonsutbetalingane vore på omtrent same nivå, følgd av ei halvering frå 2019 til 2020. Leiteaktiviteten auka spesielt frå 2017 til 2018, men fall betydeleg frå 2019 til 2020.

(©NPK)