Immunolog: Vaksinering av fleire barn bør starte allereie no

Barna på mellom fem og elleve år bør få koronavaksine allereie no, meiner immunolog Anne Spurkland. Ho meiner omikronvarianten gjer at vi ikkje bør vente.
innenriks

Koronavaksinen vart førre veke godkjend for bruk på barn mellom fem og elleve år. Men først i januar skal Folkehelseinstituttet avgjere om Noreg skal vaksinere barna våre. Det meiner Spurkland er for lenge å vente, ifølgje P4.

– No ser det òg ut som vi får eit skifte av koronavirus, som smittar meir og som vi veit veldig lite om. Så dette valet bør foreldre få ta allereie no, seier Spurkland, som er professor og immunolog ved Universitetet i Oslo.

Dei siste vekene er det i aldersgruppene seks til 19 år at smitten har vore høgast.

(©NPK)