3.780 nye koronasmitta registrert siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 3.780 koronasmitta personar i Noreg. Det er 795 færre enn same onsdag førre veke.
innenriks

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 2.889 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 2.297, så trenden er stigande.

Onsdag var 257 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var elleve fleire enn dagen før. 68 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 37 på respirator. Det er éin færre på intensiv og fem fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Nedgangen frå sist veke er neppe reell sidan tala førre veke var kunstig høge på grunn av etterregistrering av smittetal på grunn av driftsproblem hos Norsk helsenett.

(©NPK)