VG: Giske blir leiar i lokalt Ap-lag

Tidlegare Ap-nestleiar Trond Giske blir ny leiar for Nidaros Sosialdemokratiske Forum i Trondheim.
innenriks

– Eg har vorte leiar i Trøndelags minste lokallag – det hadde i haust berre ni medlemmer, seier Giske til VG.

Han fortel at lokallaget har vakse til 16 medlemmer, men at det nok framleis er eit av dei minste, både i Trøndelag og Noreg.

Giske tok ikkje attval til Stortinget, og han har i haust ikkje hatt verv i partiet.

– Eg har i haust for første gong på 34 år ikkje hatt noko verv i Arbeidarpartiet. No er eg tilbake der eg starta – på grasrota, i eit bitte lite lokallag. Det er der vi treng å byggje organisasjonen, seier Giske.

(©NPK)