Universitetet i Oslo er førebudd på ein usikker smittesituasjon

UiO er klar til å tilpasse verksemda til smittesituasjonen. Av eksamenane i haust skal omkring 15 prosent gjennomførast på vanleg måte.
innenriks

85 prosent av eksamenane ved universitetet skal gjennomførast som heime- eller mappeeksamenar, eventuelt som semesteroppgåver, opplyser Universitetet i Oslo (UiO).

Universitetet opplyser vidare at dei har planlagt for ein usikker smittesituasjon. Dei beheld mellom anna smitteverntiltaka i eksamenslokala i Silurveien, der berre halvparten av plassane i salane skal brukast. Det skal òg vere minst ein meters avstand mellom kandidatane under eksamen.

Vidare ber universitetet sjuke studentar og tilsette om å halde seg heime og teste seg ved symptom.

– Når det gjeld fysisk nærvær, er det opp til kvar enkelt leiar i dialog med den tilsette å vurdere dette. Samtidig må einingane sjølve vurdere om dei skal tilrå munnbind der det ikkje er mogleg å halde tilstrekkeleg avstand, opplyser UiO.

(©NPK)