Tromsø lempar på smitteverntiltak

Tromsøværingane treng ikkje lenger å ha på munnbind på utestader og restaurantar. Formannskapet letta tysdag på nokre av smitteverntiltaka.
innenriks

I byrjinga av november innførte Tromsø kommune ekstraordinære lokale tiltak etter at smitten auka kraftig, og Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) melde om sprengd kapasitet. Men no har smitten falle betrakteleg og byrja å flate ut, og dermed vedtok formannskapet å lempe på fleire av tiltaka.

Det er framleis krav om å bruke munnbind på butikkar, kjøpesenter og kollektivtransport og i offentlege rom der det ikkje er mogleg å halde avstand, skriv itromsø.no.

Men det er ikkje lenger krav om å bruke munnbind på utestader og restaurantar, og det er heller ikkje krav til bordplassering. Grensa på maksimalt hundre personar i private samankomstar blir òg fjerna, ifølgje NRK.

(©NPK)