Tre mistenkte omikron-tilfelle i Ullensaker kommune

Ullensaker kommune har sendt tre positive svar på koronaprøver til sekvensering for omikronvarianten. Personane har vore i den sørlege delen av Afrika.
innenriks

Kommuneoverlege Einar Kristian Borud seier til TV 2 at kommunen førebels ikkje har fått svar på sekvenseringa av testane.

Han opplyser at kommunen vel å sekvensere testane fordi dei har mistanke om omikronsmitte. Å sekvensere eit slikt prøvesvar kan ta fleire dagar.

Ifølgje Dagbladet dreier det seg om personar som har vore på reise i eitt av dei åtte landa som regjeringa på grunn av omikronvarianten avrår å reise til eller frå: Botswana, Namibia, Eswatini, Lesotho, Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Zimbabwe. Førebels er det ikkje kjent kva av dei åtte landa dei reisande kom frå.

– Desse prøvene er sende til sekvensering, og vi har ingen andre haldepunkt for å seie at det er snakk om omikronvarianten, seier kommunikasjonsrådgivar Roger Sandum i Ullensaker kommune.

Helsedirektoratet definerer mistenkte tilfelle som:

* Personar som testar positivt etter framkomst til Noreg direkte frå eller via mellomlandingar frå eitt av dei åtte landa sør i det sørlege Afrika.

* Husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære til ein person som er stadfesta smitta med omikron, og som testar positivt.

* Andre som testar positivt, og der sekvensering ikkje påviser deltavarianten.

Omikron-varianten har skapt bekymring over heile verda etter at det fredag vart kjend at mutasjonen har spreidd seg raskt i fleire land i det sørlege Afrika. Ein går ut frå at omikronvarianten er meir smittsam enn deltavarianten, men det har òg komme meldingar om at han gir mindre alvorleg sjukdom.