KS: – Krevjande for kommunane å løyse oppgåva med auka vaksinasjon

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ber kommunane om å setje opp tempoet i vaksinasjonen. Kommuneorganisasjonen KS seier at det vil bli krevjande.
innenriks

– Når mange kommunar allereie står i ein situasjon med tenester under press og med høgt sjukefråvær, så seier det seg sjølv at det blir ei krevjande oppgåve å løyse oppgåva med auka vaksinasjon, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS.

Støre bad tysdag kommunane om å stå klare til å setje 400.000 vaksinedosar i veka, i utgangspunktet ut april neste år. Målet er at heile den vaksne befolkninga skal bli vaksinert med ein tredje dose før påske.

– Sektoren har gjort ein formidabel innsats for å slå ned smitten, og eg veit at kommunane vil strekkje seg langt for å klare det også denne gongen, seier Helgesen.

Ho seier at oppmodinga om å få opp tempoet betyr at kapasiteten som nyleg er redusert, må byggjast opp igjen, og at ulike modellar for å nå fram til flest mogleg må takast i bruk. Kommunane skal ha eit drop-in-tilbod utanom vanleg arbeidstid eller tilbod om heimevaksinasjon.

– Vi er glade for at regjeringa lovar at kostnadene for å få på plass eit vaksinetilbod for alle personar over 18 år vil bli kompenserte. Det gir tryggleik og føreseielegheit, seier Helgesen.

(©NPK)