Rasutsett veg får støtte

Ein av dei mest rasutsette vegane i Noreg blir tilgodesett i budsjettsemja. Det er sett av 65 millionar kroner til eit tunnelprosjekt på riksveg 13 i Suldal.
innenriks

Det blir sett av midlar til tunnelprosjektet Lovraeidet–Rødsliane på riksveg 13, slik at arbeidet kan setjast i gang neste år, skriv NRK.

– Eg er utruleg glad og letta på vegner av alle dei som køyrer den rasfarlege vegen kvar einaste dag, seier SV-politikar Ingrid Fiskå.

– Dette må vere ein alle tiders julepresang for Suldal. Det var ein skikkeleg god presang å få no før jul, seier ordføraren i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).

(©NPK)