Høgre om statsbudsjettet: Vanlege folk må betalte toppskatt

Skattane for vanlege folk skal opp for å finansiere varig auke i dei offentlege budsjetta, seier Høgres finanspolitiske talsperson om det nye statsbudsjettet.
innenriks

– No blir det dessverre vanlege folks tur til å betale toppskatt, og dette er som vi veit berre byrjinga på Støre, Vedum og Lysbakkens skatteaukar, seier Tina Bru.

– I ei tid der renta skal opp og straumprisane er rekordhøge, kjem folk til å merke det på lommeboka når regjeringa kraftig skrur til skattane for lektorar, konduktørar og jordmødrer og alle andre som tener meir enn 644.000, legg ho til.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner derimot at skatte- og avgiftstrykket vil vere lågare eller uendra for 82 prosent av oss neste år.

(©NPK)