Ungdommar lauslatne etter knivstikking ved skule i Oslo

Dei fem ungdommane som onsdag vart arresterte og sikta for medverknad til drapsforsøk ved Kuben videregående skole i Oslo 15. november, er lauslatne.
innenriks

Oslo politidistrikt opplyser at dei fem, som alle er under 18 år, vart avhøyrde onsdag.

– Påtalemakta har vurdert at det ikkje finst fare for tap av bevis eller gjentakingsfare som grunngir ei varetektsfengsling, heiter det i ei pressemelding.

Alle vart derfor lauslatne onsdag kveld.

Ungdommane er sikta etter at ein gut i tenåra vart alvorleg skadd etter å ha vorte knivstukken i nærleiken av skulen der guten er elev.

Onsdag opplyste politiadvokat Helle Brabrand at alle er sikta for medverknad til drapsforsøk, men at ho ikkje kan sjå bort frå at siktingane kan bli endra.

(©NPK)