Tidlegare statsråd Kjell-Børge Freiberg ekskludert frå Frp

Tidlegare statsråd Kjell-Børge Freiberg er ekskludert frå Frp. Årsaka er at han skal ha leke eit internt dokument, ifølgje VG.
innenriks

Den tidlegare olje- og energiministeren vart ekskludert på eit fylkesstyremøte i Nordland Frp 5. november, skriv avisa.

Årsaka var påstandar om at han skal ha leke eit internt dokument til avisa Dagens Næringsliv.

Freiberg stadfestar i ein e-post til VG at han er kasta ut av partiet

– Eg kan stadfeste at eg er ekskludert og har ingen kommentarar utover at eg stiller meg uforståande til vedtaket om eksklusjon og grunngivinga for dette.

Listhaug: – Det er leitt

Frp-leiar Sylvi Listhaug seier i ein kommentar til NTB at partileiinga er gjort kjend med at Nordland Frp har gjort eit vedtak om å ta frå Kjell Børge Freiberg sin medlemskap i partiet.

– Freiberg har valt å ikkje klage på dette vedtaket. Det er leitt at dette har enda slik, seier ho.

Fylkesleiar Dagfinn Olsen i Nordland stadfestar i ei pressemelding torsdag ettermiddag at eit einstemmig fylkesstyre 5. november vedtok å ta frå Freiberg medlemskapen.

– Vedtektene brote

– Freiberg har utan tvil vore ein markant Frp politikar gjennom mange år, men det er viktig å presisere at vedtektene er like for alle i dette partiet. Når ein medlem har brote vedtektene, uansett posisjon, er vedtektene våre tydelege, skriv han.

Fylkesleiaren skriv vidare at fylkesstyret helst hadde sett eit anna utfall.

Kjell-Børge Freiberg vart valt inn på Stortinget frå Nordland i 2017, men tapte kampen om førsteplassen mot Dagfinn Olsen tidlegare i år.

Frå august 2018 til desember 2019 var han olje- og energiminister.