Mann død etter MC-ulykke på Askøy i helga

Ein 42 år gammal mann er død av skadane han pådrog seg i ei MC-ulykke på Askøy laurdag.
innenriks

Ulykka fann stad ved 4-tida natt til laurdag. To menn, begge i 40-åra, vart sende til Haukeland universitetssjukehus etter at motorsykkelen dei sat på, køyrde av vegen.

Torsdag skriv Bergensavisen at den eine mannen døydde av skadane han fekk i ulykka. Den andre mannen slapp frå ulykka med brotskadar.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd, anna enn at motorsykkelen, ein kvit crossar, vart funnen velta i vegbanen, seier politioverbetjent Atle Heradstveit.

Politiet ønskjer å komme i kontakt med vitne som kan ha sett motorsykkelen på Hauglandshella eller andre stader på Askøy natt til laurdag.

(©NPK)