Kjerkol: Vurderer nasjonale tiltak

Regjeringa vurderer endringar i den nasjonale koronastrategien, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) til NRK.
innenriks

– Eg er heilt samd med ordførarane i bergensregionen om at den strategien som låg til grunn for gjenopning 25. september, ikkje er formålstenleg lengre. Derfor jobbar vi no med å revidere han, seier Kjerkol til NRK.

Torsdag fekk Helsedirektoratet eit brev, signert fleire ordførarar frå Bergensregionen, som ber om nasjonale tiltak. Ifølgje ordførarane er kapasiteten i helsetenesta sprengt, og dei tek til orde for at den nasjonale koronastrategien må endrast.

Overlate til seg sjølv

Ordførarane er bekymra for kva som kan bli konsekvensane dersom det ikkje blir sett i verk tiltak.

– Vi føler at vi er litt tilbake til situasjonen i fjor haust der kommunane vart overlate til seg sjølv. Med det tenkjer eg at det ikkje er nokon klar nasjonal strategi på korleis vi skal møte dette. Skal vi møte det med å få mange sjuke og handtere det, eller prøve å dempe smitten, spør Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) til NRK.

«Lokale oppfordringer og råd har liten effekt slik situasjonen er nå», heiter det i brevet.

Det er denne oppmodinga helseministeren no har sagt seg samd i.

Vil vurdere tiltak

– No jobbar vi med å innhente innspel frå partane i arbeidslivet, vi har hatt møte med tillitsvalde på sjukehusa i dag, hatt tett og direkte kontakt med kommunane og statsforvaltarane, og det er innspel som vi treng for å treffe rette vurderingar når vi skal vurdere om vi skal ha nye tiltak, seier Kjerkol.

Statsminister Jonas Gahr Støre skal orientere Stortinget om koronasituasjonen tysdag.

Mykje smitte

Fleire stader i landet opplever svært høg smittegrad. Ålesund sette torsdag smitterekord med 46 nye smittetilfelle på eit døgn.

I Oslo vart 670 personar registrerte med koronasmitte det siste døgnet, berre ti færre enn smittetoppen frå august i år.

Smittesituasjonen i Sogndal førte til at kommunen innførte koronatiltak onsdag. Sogn Avis melder at fleire arrangement blir avlyste som følgje av smittebiletet i kommunen, der 49 personar er smitta med covid-19.

Bergen har det høgaste talet koronapasientar nokosinne. 24 personar er innlagde med covid-19 i vestlandskommunen.

Færre innlagde enn ein spådde

Samtidig er talet på innlagde koronapasientar på norske sjukehus nede i nesten halvparten av kva estimatet var for eit par veker sidan, noko som har gitt grunn til forsiktig optimisme i Folkehelseinstituttet.

Torsdag var 227 koronasmitta personar innlagde på sjukehus, fem færre enn dagen før. Av dei får 34 respiratorbehandling og 62 ligg på intensivavdeling.

Ifølgje Aftenposten var estimatet for to veker sidan at sjukehusa 21. november ville ha rundt 478 koronapasientar innlagt. Avisa skriv at ei viktig forklaring på utviklinga er at smitteveksten har stoppa opp blant dei aller eldste.