Jærbu sikta for ulovleg oppbevaring av våpen – Forsvaret hjelper til med ransaking

Ein mann i 20-åra er arrestert og sikta for ulovleg omgang med våpen etter at Forsvaret og politiet torsdag ransaka eit bustadhus på Nærbø på Jæren.
innenriks

Mannen sit torsdag i varetekt hos politiet, opplyser Sørvest politidistrikt.

– Vi er tidleg i etterforskingsfasen, seier politiadvokat Mads Lerum.

Politiet får bistand frå Forsvaret i samband med ransaking av bustaden til mannen i Nærbø i Hå kommune, rundt to mil sør for Sandnes. Ifølgje Jærbladet har politiet vore ved huset i fleire dagar.

– Det er snakk om ei våpensamling, opplyser major Elisabeth Eikeland, som er talsperson ved Forsvarets operative hovudkvarter, til Dagbladet.

Forsvararen til mannen, advokat Odd Rune Torstrup i Advokatfirmaet Torstrup, seier til Aftenbladet at klienten hans nektar straffskuld.

– Klienten min vart avhøyrd i dag. Eg var til stades. Han nektar straffskuld. Klienten min meiner at siktinga er feil, seier Torstrup.

Han seier at den sikta vil motsetje seg fengsling.

Ifølgje avisa er mannen tidlegare dømt til fengsel mellom anna for innførsel av fleire våpendelar og for å ha oppbevart ein luftvernskanon på adressa der politiet torsdag gjennomfører ei ny ransaking. Luftvernskanonen var stolen frå Rogaland krigshistorisk museum.

(©NPK)