Høgaste talet på koronapasientar i Bergen nokon gong

24 pasientar er innlagde på sjukehus i Bergen med koronasmitte. Det er det høgaste talet i kommunen nokon gong.
innenriks

Førre rekord var i mars i fjor, med 23 pasientar, skriv Bergens Tidende. 16 av pasientane ligg på Haukeland universitetssjukehus, og det er fem fleire enn onsdag, ifølgje Bergensavisen.

I tillegg ligg åtte pasientar på Haraldsplass diakonale sjukehus, som er same talet på som dagen før. Fire av pasientane får intensivbehandling, to ved kvart av sjukehusa.

Talet på smittetilfelle har den siste veka lege stabilt på eit høgt nivå i Bergen. Siste døgn er det registrert 181 smittetilfelle. Gjennomsnittet dei siste sju dagane er 152.

Smittevernoverlege Marit Voltersvik seier det er positivt at fleire har byrja å bruke munnbind, men at alle må følgje påbodet dersom det skal ha best mogleg effekt.

– Bruk av munnbind er eit svært effektivt tiltak for å hindre covid-19 smitte når ein ikkje kan halde avstand. Vi er avhengige av at alle innbyggjarar bidreg viss vi skal få redusert smitten utan strengare tiltak, seier Voltersvik.

(©NPK)