FHI: Barn over fem år med alvorleg sjukdom vil bli tilboden koronavaksine

EMA tilrår godkjenning av Pfizer-vaksinen for barn over fem år. I Noreg vil barn over fem år som har alvorleg sjukdom, bli tilboden koronavaksine.
innenriks

– Grunngivinga er at sjølv om sannsynet for alvorleg koronasjukdom hos barn og unge er svært låg, kan enkelte barn og ungdom med særleg alvorlege grunnsjukdommar likevel ha nytte av vaksine mot covid-19, opplyser assisterande direktør Geir Bukholm i FHI til NTB.

Han påpeikar at dette er ei lita gruppe barn som har svært alvorleg sjukdom frå før, slik som mellom anna kreft, alvorleg immunsvikt og medfødte syndrom.

Ifølgje FHI er det anslått at det dreier seg om inntil 3.000 barn i aldersgruppa fem–elleve år som no vil tilbydast koronavaksine.

Blir tilbode mindre dose enn vaksne

Overlege Margrethe Greve-Isdahl i FHI viser til at godkjenninga er basert på ein studie der barna fekk ein mindre dose – ein tredel – av den dosen som blir gitt til vaksne og ungdom over tolv år.

– Vaksinen frå Biontech/Pfizer viser i denne studien at den er effektiv òg i ein redusert dose tilpassa barn, og at han då i mindre grad gir biverknader som til dømes feber. Det er viktig at produsentane har utvikla ein eigna dose for denne aldersgruppa, seier Greve-Isdahl.

I samarbeid med Norsk barnelegeforeining vil FHI no vidare greie ut om ein òg skal tilby vaksine til alle andre barn over fem år, opplyser Bukholm.

EMA tilrår

Torsdag vart det kjent at Det europeiske legemiddelverket (EMA) tilrår godkjenning av Pfizer/Biontechs koronavaksine for barn i alder fem til elleve år. Det er første gong EMA har godkjent ein covid-19-vaksine for bruk hos små barn. Etter å ha vurdert fakta og ein studie med over 2.000 barn, kom EMA fram til at vaksinen er omtrent 90 prosent effektiv for å forhindre koronasjukdom med symptom hos små barn. Dei seier at to dosar kan givast til barn med tre vekers mellomrom.

Frakt startar i desember

Pfizer/Biontech søkte om å få godkjent koronavaksinen sin for barn ned til fem år for nokre månader sidan. No står det att berre at EU-kommisjonen offisielt seier ja eller nei. EMAS innstilling blir vanlegvis følgd. Tykslands helseminister Jens Spahn har tidlegare sagt at transport av vaksinar for små barn rundt i EU vil starte 20. desember. Dermed kan fleire barneskuleelevar no få vaksinen, midt under ei ny koronasmittebølgje som herjar i Europa. Nokre land har allereie byrja å vaksinere små barn.

Noreg med på vurdering

Frå før er vaksinen godkjend til bruk i Europa på barn og vaksne over tolv år. Fagdirektør for vaksinar i Legemiddelverket, Svein Rune Andersen, seier til NTB at dei har vore med på denne vurderinga i det europeiske nettverket. – Vi har sett på dataa og ser at barn kan ha nytte av vaksine, men det er klart at sjukdomsbyrda hos friske barn er ganske låg. Derfor vil barn som har underliggjande sjukdommar som gir høg risiko for alvorleg covid-19, ha særleg stor nytte av å få ein slik vaksine, seier han.

(©NPK)