Erlend Skjetne får Brageprisen for historie frå flyktningmottak

Forfattar Erlend Skjetne får Brageprisen for barne- og ungdomsboka «Eit anna blikk», frå eit flyktningmottak for mindreårige asylsøkjarar i Afghanistan.
innenriks

Brageprisvinneren fortel historia med unge Anwars ord. Han og gutane på mottaket i Afghanistan gruer seg til å fylle 18 år. Dei er spent på om dei får opphaldsløyve i Noreg og på kva som ventar.

– Erlend Skjetne bruker eit leikande nynorsk for å få fram forskjellane mellom norske standarduttrykk og norsk for eit observerande, framandspråkleg øre. Han gir lesaren innblikk i ein situasjon som vi ikkje høyrer så mykje om, og som er vanskeleg å forstå. På den måten klarer Skjetne å gi ei stemme til dei som vil bli norske, men ikkje kan. Nokon får aldri sjansen til å prøve, skriv juryen i grunngivinga si.


(©NPK)