Ein person til sjukehus etter trafikkulykke i Molde

Ein person er send til Molde sjukehus etter ei trafikkulykke på E39 på Hjelset i Molde kommune. Vegen er stengt i begge retningar torsdag kveld.
innenriks

Det skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

Fem personar og tre bilar var involverte i ulykka, og det er store materielle skadar, ifølgje politiet.

Skadeomfanget for personen som vart send til sjukehus, er ikkje kjent. Dei fire andre involverte personane vart sende til sjekk på legevakta. Ingen av dei er alvorleg skadde.

(©NPK)