Ein person omkom i trafikkulykke på E6 ved Skedsmo

Ein person er stadfesta omkommen etter ei trafikkulykke på E6 ved Skedsmo torsdag.
innenriks

Ulykka skal ha skjedd like etter klokka 10, opplyser Aust politidistrikt på Twitter.

Ifølgje politiet vart ein person påkøyrt.

– Ein person er stadfesta omkommen. Vegen er mellombels stengd i nordgåande retning. Alternativ rute er skilta om Hvam, skriv politiet.

(©NPK)