Bragepris for sakprosa til Lena Lindgrens verk om ekkokammer

Med forfattardebuten sin, «Ekko. Et essay om algoritmer om begjær», vann Lena Lindgren Brageprisen for beste sakprosabok.
innenriks

Lindgren er til dagleg politisk kommentator i Morgenbladet. «Ekko. Et essay om algoritmer og begjær» er den første boka hennar. Juryen karakteriserer den som «et særdeles imponerende forsøk på å stille samtidsdiagnose». Lindgren blir hylla for å ha levert «en viktig og velskrevet bok» om teknologien som skaper potensielt farlege ekkokammer.

– Det var på tide at nokon gjorde dette, og Lena Lindgren har gjort det med glans, skriv juryen i grunngivinga.

– Vi samanliknar, etterliknar, trykkjer ‘like' på ting som ‘trendar', og etter kvart som vi klikkar oss inn på eit spor, fôrar algoritmane oss med meir av det same.

(©NPK)