Bergen-ordførar i samtalar med partia om nytt byråd

Bergens ordførar hadde torsdag samtalar med alle gruppeleiarane i partia i bystyret for å diskutere vegen vidare etter at byrådet gjekk av onsdag.
innenriks

– Eg har i dag hatt gode samtalar med alle gruppeleiarane og dei uavhengige representantane i bystyret om det parlamentariske grunnlaget for eit nytt byråd i Bergen, som må på plass så fort som mogleg. Eit forretningsministerium slik vi har no, er berre ei kortsiktig løysing, seier ordførar Rune Bakervik (Ap) i ei pressemelding.

Onsdag vart det fleirtal for forslaget frå opposisjonen om å leggje Bybanen i tunnel under Bryggen i Bergen. Det Ap-leia byrådet ønskte heller å leggje Bybanen over Bryggen og hadde varsla at dei ville gå av dersom alternativa deira ikkje fekk fleirtal. Byrådsleiar Roger Valhammer og byrådet gjekk derfor av då det vart fleirtal for førstnemnde alternativ.

Raudt, som vart den avgjerande tunga på vektskåla for å sikre fleirtal for tunnelforslaget, fastslo torsdag at dei ikkje skiftar meining for å redde byrådet.

No er situasjonen uavklart, seier ordførar Bakervik.

– Fleire av gruppeleiarane har meldt tilbake at dei treng litt meir tid for å snakke med representantane og partiorganisasjonane sine. Det har eg forståing for, og den tida skal dei få, seier han.

Ordføraren har gitt partia frist til måndag klokka 11 med å gjere unna nødvendige avklaringar og prosessar.

(©NPK)