227 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus – fem færre enn dagen før

Torsdag var 227 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Det er ein nedgang på fem pasientar frå dagen før.
innenriks

34 av pasientane får respiratorbehandling, og 62 ligg på intensivavdeling.

Det er éin færre på respirator og tre fleire på intensivavdeling enn dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt torsdag.

136 av koronapasientane er innlagde på sjukehus i regionen Helse sør-aust, 36 er innlagde i Helse nord, 33 er innlagde i Helse vest, og 22 er innlagde i Helse Midt-Noreg.

45 av pasientane på intensivavdeling er innlagde hos Helse sør-aust, ni er innlagde hos Helse nord, fem er innlagde hos Helse vest, og tre er innlagde hos Helse Midt-Noreg.

Sidan februar i fjor har 251.397 personar fått påvist koronasmitte her i landet, viser det førebelse talet på torsdag frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

(©NPK)