Ropstad inn i styret til Israels venner

Tidlegare KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad er vald inn i styret til Israels venner på Stortinget. Leiar er Frps Himanshu Gulati.
innenriks

Ifølgje Vårt Land var 16 stortingsrepresentantar med på eit møte tysdag.

– Endeleg medlemstal kjem seinare. Eg reknar med at vi kjem til å bli over 20 medlemmer, seier Gulati.

Han skal vere leiar dei to første åra av stortingsperioden, før Ingjerd Schou frå Høgre tek over dei siste to åra. Silje Hjemdal frå Frp er òg vald inn som styremedlem.

Dei andre som var på møtet tysdag, var KrF-representantane Olaug Bollestad og Dag Inge Ulstein, Høgre-representantane Sveinung Stensland, Erlend Larsen, Bård Ludvig Thorheim og Mahmoud Farahmand og Frp-representantane Erlend Wiborg, Per-Willy Amundsen, Helge André Njåstad, Tor André Johnsen, Bård Hoksrud og Marius A. Nilsen.

Frå før har stortingsrepresentantane Bengt Rune Strifeldt og Christian Tybring-Gjedde frå Frp og Hårek Elvenes frå Høgre vore med.

Ifølgje Vårt Land hadde Israels venner over 100 av dei då 155 representantane på Stortinget som medlemmer i perioden frå 1981 til 1985. Førre periode var det 21 medlemmer.


(©NPK)