Pandemien gav digitaliseringsgjennombrot for offentleg sektor

Nesten 9 av 10 verksemder i offentleg sektor har sett i gang langsiktige digitaliseringstiltak som ein konsekvens av koronapandemien, viser ei undersøking.
innenriks

Norstat gjennomførte i sommar ei undersøking for IT-selskapet Computas blant IT-avgjerdstakarar i både privat og offentleg sektor i Noreg.

Ifølgje undersøkinga har nesten ni av ti verksemder frå offentleg sektor sett i verk langsiktige digitaliseringstiltak som følgje av koronapandemien.

– Då vi gjennomførte den same undersøkinga på forsommaren i 2020, tre månader etter pandemiutbrotet, var tiltaka av meir akutt karakter. No, etter halvtanna år i pandemi-tilstand, viser undersøkinga at det offentlege ikkje berre heng med, men har eit langsiktig og offensivt søkjelys, seier administrerande direktør i Computas, Trond Eilertsen.

– Dette kjem samfunnet til gode. Det vil både gi tilsette i offentleg sektor ein betre arbeidskvardag og innbyggjarane i landet betre tenester, seier IT-direktøren.

96 prosent av dei spurde oppgir at dei har teke i bruk nye løysingar eller tenester, mot 47 prosent i juni i fjor. 93 prosent oppgir at dei har gitt opplæring til tilsette i bruk av ny teknologi og/eller digitale verktøy.

(©NPK)