Dei unge er mest opptekne av klimaet

Folk under 30 år er mest opptekne av klima, ifølgje ei ny undersøking. Over halvparten i denne gruppa meiner dette er blant dei viktigaste sakene for Noreg.
innenriks

Klimabarometeret er ei årleg undersøking uført av analysefirmaet Kantar sidan 2009, fortel NRK.

52 prosent av dei spurde under 30 år meiner at klimaendringar er blant dei tre viktigaste sakene for Noreg.

– Det er dei som er mest opptekne av klimaendringar. Dei bekymrar seg i større grad enn resten av befolkning for moglege konsekvensar. Det gjer nok at dei tenkjer meir på kvar dei vil velje å vil bu, seier Eva Fosby Livgard i Kantar.

(©NPK)