Rekordresultat for Hydro i tredje kvartal

Høge aluminiumsprisar førte til rekordresultat for Norsk Hydro i tredje kvartal. Selskapet fortel om eit justert driftsresultat på 7,2 milliardar kroner.
innenriks

Resultatet er opp frå 3,1 milliardar kroner for same kvartal i fjor. Årsaka er underskot i leveransane på aluminiumsmarknaden i verda, kombinert med høg etterspurnad, og Hydro har nytt godt av dei auka prisane.

Av dei fem hovudforretningsområda til Hydro er det særleg innan omsetning av ferdig aluminium som har gått opp frå 404 millionar kroner i tredje kvartal i fjor, til heile 4,2 milliardar kroner i år.

– Eg er glad for å sjå at organisasjonen leverer rekordresultat for kvartalet i ein god aluminiummarknad, og at vi har klart å nå forbetringsmålet for året allereie i tredje kvartal, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim i ei pressemelding frå selskapet.

Konsernleiinga peikar òg på at aluminium har ei rolle å spele i arbeidet for å redusere globale karbonutslepp, og at mange av kundane til selskapet spør etter aluminium som ledd i sine eigne prosessar for å senke utslepp.

– Vi ser auka etterspurnad etter aluminium som blir brukt i løysingane til kundane for reduserte utslepp, seier Aasheim.

(©NPK)