Kvam-ulykka: Ingen funn av dei sakna tysdag

Søket til leitemannskapa etter dei sakna etter Kvam-ulykka, vart tysdag kveld avslutta utan funn. Søket blir teke opp att onsdag morgon.
innenriks

– Det har vorte mørkt, og vi avsluttar tiltaka for dagen. I morgon tidleg blir dei tekne opp igjen, og vi vil vurdere kva slags tiltak som blir sett i verk, sa innsatsleiar Svein Valland Laupsa tysdag kveld.

Kjell Arne Pedersen (64), Nils Johan Bårdsen (72) og Ruth Wathne (68) er framleis sakna etter at dei søndag kveld prøvde å krysse Tokagjelselva i ein liten båt like overfor ein stor foss med eit fall på 15 meter.

Politiet uttalte måndag at dei ikkje lenger har håp om å finne dei tre i live, og det blir no søkt etter anteke omkomne.

Båten er allereie funnen eit stykke nedanfor den store fossen, i tillegg til andre gjenstandar som blir antekne å tilhøyre dei sakna.

Har sett ut nett

Tysdag vart det mellom anna søkt med drone, både over og under vatn. Det vart òg sett ut eit nett i elva for å fange opp alt som kjem nedover elva, som renn ut i Movatnet, som igjen fører ut i den store Hardangerfjorden.

– Målet er å unngå at dei sakna i verste fall hamnar uti Hardangerfjorden, sa Laupsa.

Det vart tysdag gjort observasjonar av gjenstandar på ein spesifikk stad i elva, men søk i dette området førte ikkje til nokon resultat, ifølgje innsatsleiaren.

Etter utfordrande vêrforhold søndag og måndag var det betre forhold tysdag.

Tysdag kveld skal likevel vêret slå om. Onsdag er det meldt endå meir regn, og torsdag er det venta ytterlegare nedbør.

Kjem nært på

Alle dei tre anteke omkomne kjem frå Askøy kommune. Askøy-ordførar Siv Høgtun sa tysdag at det er ei tragisk hending som kjennest nærare etter at politiet kunngjorde namna på dei sakna.

– Det er mange som kjenner desse personane, både pårørande, nære venner, arbeidskollegaer, naboar, barn og barnebarn i skular og barnehagar, sa Høgtun.

Ho oppmodar alle om å ta vare på kvarandre i denne situasjonen og seier at kommunen gjer alt dei har moglegheit til å gjere, for å ta vare på dei pårørande.

Det er ein relasjon mellom dei sakna, men politiet har ikkje ønskt ikkje å gå nærare inn på dette førebels.



(©NPK)