Justisministeren bekymra etter skyteepisodar i Oslo

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier ho er bekymra over skyteepisodane i Oslo den siste tida.
innenriks

Skytinga på Stovner måndag kveld var den åttande episoden på to månaders tid i hovudstaden.

– Det er urovekkjande at vi har opplevd så mange skytingar dei to siste månadene. Politiet har fullt fokus på desse sakene. Samtidig er det viktig å hugse på at det over tid har vore få slike hendingar i hovudstaden. Vi ser ikkje dei same tendensane her som i andre land, seier ho i ein e-post til NTB.

Ho seier det likevel er urovekkjande at det blir skote i det offentlege rommet.

– Like fullt blir eg bekymra når det blir skote på open gate og ved skular. Nærmiljøet vårt skal vere trygt, vi kan ikkje tillate at kriminelle gjer nabolaga våre til arenaer for sine eigne kriminelle oppgjer og set uskuldige i fare, seier Mehl.

– Eg har òg teke initiativ til eit møte med kommunen og Oslo politidistrikt neste veke, seier justisministeren.

Ho legg til at regjeringa vil følgje opp og styrkje arbeidet mot kriminelle gjengar og nettverk.

– Oslo skal vere ein trygg by, seier Mehl.

(©NPK)